Madstunbua
Madstunbua er truleg den eldste rorbua i Stavang. Ho skriv seg frå garden Helmers frå slutten av 1700-talet. Bua er totalrenovert og held høg, moderne standard, men når du stig over dørstokken opnar historia seg for deg som ei skattkiste.
Foto: Visit FjordKysten og Sunnfjord
Markabua
Så nær sjøen som råd var, bygde fiskarbøndene rorbuer til gardane sine. Frå vår eiga kai kan du stige rett i båten, no som då. Denne rorbua høyrde til garden Markane. Bua vart totalrenovert i 2020 og held høg, moderne standard.
Foto: Visit FjordKysten og Sunnfjord
Teigabua (Rorbu 1- 1.etg)
Denne rorbua høyrde til garden Teigane. Ho er restaurert over to etasjar, med ei leilegheit i kvar etasje, begge med god komfort og høg standard. Teigabua har storslått sjøutsikt, både frå loftet og frå hovudetasjen. Frå huset kan du gå rett ut på kaia og deretter rett i båten som ventar i sjøen.
Foto: Visit FjordKysten og Sunnfjord
Teigabua (Rorbu 2 - 2.etg)
Denne rorbua høyrde til garden Teigane. Ho er restaurert over to etasjar, med ei leilegheit i kvar etasje, begge med god komfort og høg standard. Teigabua har storslått sjøutsikt, både frå loftet og frå hovudetasjen. Frå huset kan du gå rett ut på kaia og deretter rett i båten som ventar i sjøen.
Foto: Visit FjordKysten og Sunnfjord
Ein gong kom vi frå havet. Fisken leika langs båtripa, sola glitra i vassflata. Langt der inne mellom mjule sanddyner steig landet fram, grønt under smeltande is. Jorda var lun og lett å dyrke. havet var òg ein åker, blå mellom berga.
Tida ventar på deg, her ute. Under den vide himmelen, over det blanke havet finst spor å fylgje. Ti tusen år gamle spor langs vegar som vil setje nye spor.
I deg.
Under den vide himmelen bankar eit blått hjarte i evige bølgjer, mjukt mot det grøne landet i vest. Tida ventar på deg, her ute.
Vakre øyegrupper, gode solforhold og fanstastisk sjøutsikt
Foto: Visit FjordKysten og Sunnfjord
Historisk sus
Rorbuene i Stavang fortel historier frå fleire hundre år med yrande folkeliv ved kaia på Flyten. Her hadde fiskarbøndene både rorbu, saltebu, notbu og sjark.
Foto: Visit FjordKysten og Sunnfjord
Bli med I Fjord Tourist-listen for å motta nyheter først
MOTTA NYHETER
Aktivitetar
Tida ventar på deg, her ute. Under den vide himmelen, over det blanke havet finst spor å fylgje. Fjell og øyer viser veg i alt det blå. Ti tusen år gamle spor langs vegar som har sett spor i deg når du dreg.